Rekordmykje nynorsk hjå NRK i 2024!

Ein glad kringkastingssjef konstaterer at totalt 28 prosent av NRK-innhaldet var på nynorsk i 2024. Det viser den ferske språkstatistikken. Likevel greidde ikkje NRK kravet om minst 25 prosent på kvar plattform.

Bryt me ned statistikken på dei ulike plattformene, ligg nemleg talet for nrk.no framleis under kravet. Nettsidene hadde berre 23,2 prosent nynorskinnhald i 2024 – rett nok ein auke frå åra før. Når det gjeld radiokanalane, har nynorskdelen omsider passert den magiske 25-prosentsgrensa. Etter å ha lege på 22-talet i fleire år enda nynorskdelen på 25,2 prosent i 2024.

Figur: NRK.

For tv-kanalane har me sett ein auke frå år til år, og i 2024 vart nynorskprosenten der 29,4 – ein auke på halvtanna prosentpoeng frå 2023. Tv-tala bidreg sterkt til å dra opp den totale nynorskdelen til 28 prosent – eit soleklart rekordtal.

Framleis ikkje heilt nøgd

– Eg er glad for at resultatet viser innsatsen me har lagt ned: ein auke i bruken av nynorsk på alle tre plattformer og meir nynorsk enn nokon gong totalt. Likevel er me ikkje nøgde før kravet er oppfylt på alle plattformene, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Vibeke Fürst Haugen, foto: Ole Kaland / NRK.

Ho fortel at dei ulike redaksjonane jobbar systematisk med bruken av nynorsk på nett, og at dei gjennom året har fleire konkrete tiltak:

– Me har halde kurs om innsikt, kompetanse og planlegging for alle vaktsjefar på nett. Nynorsk er tema i både rekruttering, planlegging og evalueringar, og både nynorskbrukarar og språkteknologi er viktige ressursar i nettsakene våre. I tillegg er me avhengige av samarbeid på tvers, det at me samarbeider om å styrkje nynorskkompetansen i heile NRK, held ho fram. 

– Som all viktig kompetanse ein journalist treng, er nynorskkompetanse noko me aktivt søkjer når me rekrutterer nye journalistar i NRK, avsluttar Haugen.

Ros frå Kringkastingsringen

– NRK spelar ei sentral rolle for nynorsken i det norske samfunnet, og derfor er me nøgde med at NRK totalt sett er godt over minimumskravet på 25 prosent, seier Jógvan Helge Gardar, styreleiar i Kringkastingsringen.

Jógvan Helge Gardar, foto: Aksel Torsnes Mehlum.

– Me rosar arbeidet NRK har gjort med nynorskdelen dei siste åra, og vonar nettsidene kjem opp på same nivå neste år. Då kjem det nok ros utan atterhald, lovar Gardar.