Kringkastingsprisen til Ingrid Halstensen

Kringkastingsprisen for 2024 har endeleg funne vegen til prisvinnar Ingrid Halstensen! Av særs naturlege årsaker – vinnaren vart mamma i vinter – har det drygt med å få i stand seremonien, men no er ein velfortent pris overrekt til ein glad og overraska TV 2-journalist.

Etter at juryleiar Jógvan Helge Gardar hadde lese opp jurygrunngjevinga (sjå nedanfor), var det redaksjonssjef Lise Kleiva som stod for sjølve utdelinga i TV 2-lokala i Bergen. Kringkastingsprisen består av eit diplom og eit kunstverk, i år laga av biletkunstnaren Erlend Wiggen Bliksrud.

Prisvinnar Ingrid Halstensen, foto: Frode Hoff / TV 2.

Heile grunngjevinga:

Prisvinnaren kjem frå Austevoll i Hordaland og har vore i TV 2 Sport i 15 år. Ho er høgt verdsett for eit dialektnært språk med tydeleg nynorsk klang.

I byrjinga som sportsjournalist var ho innom fleire idrettar. Snart vart ho ein viktig formidlar av kampane i meisterligaen i fotball, og ho vart seinare fotballkorrespondent i England. Ho er kjend og kjær som programleiar og sportsanker – i ein kanal som ifølgje nominasjonen kan skilte med fleire nynorskanker enn NRK.

Det er ikkje første gongen at prisvinnaren blir lagd merke til. Ho har mellom anna ein gullrutenominasjon i kategorien for beste programleiar. Det dialektnære og fargerike språket hennar gjer sportssendingane endå meir levande, og det gode humøret smittar over på både sjåarar og kollegaer.

Det er ei glede og ei ære for styret i Kringkastingsringen å få gje prisen til Ingrid Halstensen!

Kringkastingsprisen blir delt ut av Kringkastingsringen kvart år. Prisen går til ei røyst som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Styret i Kringkastingsringen er jury for prisen, og prisen har vore delt ut sidan 1978.

Liste over alle tidlegare vinnarar