På nynorskpuben 26. februar stod det ein hemmeleg post på programmet – det var nemleg tid for prisutdeling! Kringkastingsprisen går kvart år til ei røyst i eteren som utmerkjer seg med godt språk i radio eller fjernsyn, og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.
Ein overraska prisvinnar vart ropt opp på podiet i Bikuben på Det Norske Teatret etter at styre- og juryleiar Jógvan Helge Gardar hadde lese opp grunngjevinga. Prisen består av eit diplom og eit kunstverk, i år laga av biletkunstnaren Erlend Wiggen Bliksrud.

Heile grunngjevinga
Prisvinnaren kjem frå Skjold i Rogaland og har vore ei kjær nyheitsrøyst i 20 år. Hans fremste varemerke er ein presis og feilfri nynorsk med ein snert av tørr humor.
Som nynorskpraktikant i eit av dei første kulla ved NRK Nynorsk mediesenter var vinnaren del av eit pionerarbeid som over 200 kollegaer etter kvart har vore gjennom. Heile tida etterpå har han arbeidd med nyheiter i NRK – som journalist, programleiar, reporter og produsent.
Vinnaren er kanskje aller mest kjend for tallause Dagsnytt-bulletengar. I den krevjande jobben som bulletengjournalist formidlar han kompliserte saker på ein enkel og korrekt nynorsk. Kollegaer kallar han ei Dagsnytt-legende, men meir nyleg har han jamvel starta med tv. Her har han vist at han skjønner skilnaden mellom tv og radio, og at han veit å tilpasse språket til mediet. Som tv-journalist blir han ikkje for ordrik, men lèt bileta tale for seg – samstundes som han er like presis som på radio.
Medlemmene våre har lagt merke til prisvinnaren før. Han var ein av dei første som fekk nynorskkopp og diplom frå Kringkastingsringen for framifrå bruk av nynorsk i arbeidet. I nominasjonen denne gongen står det mellom anna: «Morgonsendingane hans er ein god start på dagen. Han er eit godt døme på at nynorsk er eit ypparleg radiospråk.» Vinnaren driv rett og slett nynorsk nyheitsformidling i meisterklasse.
Det er ei glede og ei ære for styret i Kringkastingsringen å få gje prisen til Vidar Eidhammer!