– Nynorsken er ein fantastisk reiskap som nyheitsspråk

Arill Riise har vore journalist i over 40 år, sidan 2006 som eit kjært fjes – og ei kjær røyst – i TV 2. No gler han seg mest til å styre si eiga tid.

– Eg kjem definitivt ikkje til å sakne turnusarbeid eller vekkjarklokke på halv fem!

Kringom får ein prat med Arill Riise på hans aller første dag som pensjonist, dagen etter at han har vorte markert og heidra både på og utanfor skjermen. Humøret er prima:

– Eg har fleire prosjekt som eg gler meg til å få meir tid til. Til dømes trivst eg godt som møte- og debattleiar, og dessutan er det bokskriving på gang, fortel han.

Litt meir tid i stova kan òg bli ekstra bra framover:

– Det første eg gjorde i dag, var å kjøpe ny tv! Her blir det «blakk veke» no, ler den nybakte pensjonisten.

Hektisk nyheitsliv

Riise fortel at kvardagen som nyheitsjournalist har endra seg:

– Før hadde vi to sendingar kvar kveld: Dagsreyen og Kveldsnytt i NRK og 18.30- og 21-nyheitene i TV 2. No er det fleire faste sendingar, og vi må dessutan vere førebudde på direktesendingar på kort varsel når ting skjer.

Samstundes er økonomien meir krevjande enn i gullalderen:

– Vi har opplevd mange kutt i redaksjonen. For ein kommersiell kanal er det vanskeleg å finne ein trygg og stabil innteningsbase i dag, held Riise fram.

Men det redaksjonelle miljøet i TV 2 er heilt unikt:

– Vi har kultur for å dyrke kunnskap, men vi må òg ha evne til å snu oss raskt. Denne kombinasjonen kjenneteiknar staben i TV 2, understrekar han.

Arill Riise vart overraska av kollegaene då han gjekk av med pensjon 20. november 2025. Foto: privat.

Den største skilnaden er ressursane

Sjølv om dei fleste nok tenkjer på Arill Riise som TV 2-mann, har han ei lang fortid i NRK. Han trekkjer fram rammevilkåra som viktigast når vi ber han peike på skilnader mellom dei to institusjonane:

– Det er monaleg stabile rammevilkår i NRK. Ressurssituasjonen er meir krevjande og ustabil for dei kommersielle. Men det krev at vi har dei aller beste folka, og eg har sett pris på flinke kollegaer og god opplæringskultur i TV 2, seier han stolt.

Med ein knapp ressurssituasjon kan det fort bli både gjennomtrekk og vikarbruk. Då er det særleg viktig å dele kunnskap:

– Det høyrest mest for gale ut, men har du vore i TV 2 nokre veker, må du vere budd på å lære opp ein endå ferskare kollega, fortel Riise.

Raus kollega

Og Riise har trivest godt i fadderrolla sjølv. Kollegaene trekkjer gjerne fram kor raus han er med dei:

– Det er hyggjeleg å høyre. Eg har prøvd å få nye kollegaer til å kjenne seg velkomne og verdsette. Det var ein annan kultur for slikt då eg var ung journalist sjølv. I Dagsrevyen i 80- og 90-åra var nok ein del litt høge på seg sjølve – og det er jo ikkje rart med tanke på den posisjonen NRK og NRK-fjes har hatt i folket gjennom tiår, seier han.

Men det var først og fremst mykje å lære:

– Mange av dei eg vart kjend med, er jo legender i norsk mediehistorie. Sjølv om tonen kunne vere røff den gongen og nokre sjølvbilete iblant kunne hatt godt av å bli justerte litt, var det ei lærerik tid eg ikkje ville vore forutan, understrekar Riise.

Han innrømmer at sjølv han kunne bli litt høg på seg sjølv då målet om å arbeide i Dagsrevyen var nådd. Men veteranane lét han ikkje kvile på laurbæra:

– I Dagsrevyen måtte alle pent gjennom den same skjærselden som dei gamle hadde måtta i si tid. Det var berre slik det var. Kanskje det har gjort at eg har vore oppteken av å ta vare på nye kollegaer, undrar han.

Ein streng sjef på språkområdet

Sunnmøringen Arill Riise er kringkastingsprisvinnar og kjend for trygg og god nynorsk. Då han fekk prisen i 2016, sa han at han tykte det fungerte godt utan noko handfast nynorskkrav i TV 2, til skilnad frå prosentreglane i NRK, og at TV 2 var kjenneteikna av ein raus språkpolitikk som spegla heile folket. Ni år etter er han ikkje like sikker:

– I TV 2 er det ei sjefsavgjerd kva ein skal satse på, og korleis ein skal odle språket. Vi har snakka mykje om å skape språkleg medvit i TV 2, men er samstundes prega av nedskalering og kutt. Ideelt sett burde språk vore ein større del av startpakka for ferske journalistar. Eg hadde nok vore strengare om eg hadde vore sjef sjølv, og oppmoda fleire til å dyrke det normerte språket, seier han.

Men TV 2 har ein viktig fordel:

– Heldigvis ligg TV 2 i Bergen, og det gjev oss tilgang på mange gode dialekt- og nynorskfolk. Vi har mykje å vere stolte av, mellom anna fleire flinke utanriksjournalistar som nyttar nynorsk, held Riise fram.

Han trur at noko av det gode språkarbeidet har gått litt under radaren hjå mange i «kultureliten»:

– Mange med hjarte for godt språk har ikkje vore merksame på all nynorsken i TV 2, rett og slett fordi dei mest aldri ser på TV 2.

– Språket er det viktigaste verktøyet du har som journalist. Det gjeld ikkje berre skriftleg, men minst like mykje på tv, seier Arill Riise. Foto: Jan-Petter Dahl / TV 2.

Det normerte språket

Riise brenn for godt og lettfatteleg språk i nyheitsjournalistikken:

– Språket er det viktigaste verktøyet du har som journalist. Det gjeld ikkje berre skriftleg, men minst like mykje på tv.

Han er ein tydeleg forkjempar for normert språk – nynorsk eller bokmål – i nyheitssendingar:

– Attmed det kjende argumentet om at dialektbruk i nyheitsformidling kan skape sperrer og frustrasjon hjå publikum, gjer det journalisten skjerpa å måtte halde seg til eit normert språk. Kort sagt handlar det om å bli forstått, og då er det normerte språket det beste verktøyet, seier han med ettertrykk.

Som fersk prisvinnar for ni år sidan understreka Riise at ein aldri blir utlært som språkbrukar. Det meiner han enno:

– Eg håpar at mitt eige språk har vorte endå meir aktivt og direkte dei siste åra. Tilfanget av tekstar frå styresmakter og bedrifter er diverre meir omstendeleg og substantivtungt, og det krev at vi som journalistar må arbeide endå meir med å bryte innhaldet ned til noko publikum skjønner.

Og ingenting er meir aktivt og direkte enn nynorsk:

– Nynorsken er ein fantastisk reiskap som nyheitsspråk. I heile yrkeskarrieren min har eg fått bruke nynorsk, og det er eg særs takksam for. Ja, det kjennest rikt! fortel han.

Standup og isbading

Språkkjensla får han nok god bruk for når han skal i gang med ein av fleire pensjonistplanar. Arill Riise er nemleg standupkomikar på si:

– Eg har drive ein del med standup for bedrifter og lag tidlegare, og her nyleg var eg med på standuparrangementet «Tulljfliren» på Stranda. Dette er noko eg gjerne tek opp att som pensjonist, seier han.

Men aller først har kona kalla han inn til isbading:

– Det er absolutt ikkje ein aktivitet eg set pris på, men ho synest kanskje eg treng det for å ikkje bli altfor høg på meg sjølv!

Tekst: Aksel Torsnes Mehlum

Intervjuet er henta frå Kringom nr. 4/2025.