På tide med landslinje

Fråsegn frå Kringkastingsringen 30.9.2025

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for meir nynorsk, dialekt og samisk i mediebiletet. Organisasjonen vart skipa i 1955 og har jamlege møte med NRK og andre mediehus, driv generelt politisk arbeid og skipar til opne møte med ordskifte. Kringkastingsprisen har vore delt ut av Kringkastingsringen årleg sidan 1978 og går til nokon som på ein framifrå måte har nytta nynorsk og/eller dialekt i etermedia.

Vi har med stor interesse lese om planane om ei landslinje for nynorsk i medium og kommunikasjon, og vi ser eit tydeleg behov for ei slik landslinje. Volda og Sunnmøre er eit kjerneområde for både nynorsk og medieutdanning, og mange sentrale institusjonar på feltet har sete der. Vi ser Volda vidaregåande skule som ein viktig og naturleg del av ei slik nynorsk- og medieklyngje. Med landslinjestatus bør det vere mogleg å tiltrekkje seg motiverte søkjarar frå andre delar av landet òg.

Gjennom arbeidet vårt freistar vi å støtte og heidre nynorskjournalistar, i ein mediekvardag der presset frå både bokmål og engelsk er stort. Vi ser eit stort behov for å rekruttere fleire gode journalistar og medieprodusentar som nyttar nynorsk i arbeidet sitt, og vi trur at ei landslinje for nynorsk i medium og kommunikasjon blir eit viktig element i ein struktur for både rekruttering og motivering av kommande nynorskjournalistar.

Kringkastingsringen gjev difor si fulle støtte til landslinjesøknaden frå Volda vidaregåande skule.

Jógvan Helge Gardar, styreleiar
Aksel Torsnes Mehlum, dagleg leiar