Du er hjarteleg velkommen som medlem i Kringkastingsringen!
Årspengane er 350 kr for folk over 30 år og 200 kr for dei under.
Som medlem stør du ei god sak, og du får bladet Kringom fire gonger i året. Dessutan kan du komme med framlegg til kven som skal få den årlege Kringkastingsprisen for god språkbruk i media.
Har du blitt verva av nokon? Hugs i så fall å skrive namnet på vervaren nedst i innmeldingsskjemaet, slik at vervaren er sikra ei helsing frå oss.
Gåve til nye medlemmer!
Når du melder deg inn, får du anten ein fin nynorskkopp eller ein fin samisk kopp. Om du heller vil ha handlenett eller kaps, kan du velje det i staden. Me sender gåva når medlemskapen er betalt.
Om nokon har verva deg, får dessutan vervaren velje mellom dei same gåvene!
Betaling
Det enklaste er å betale til Vipps-nummer 515993.
Du kan òg betale til konto 3480 17 48343.
Prisen er 350 kr (eller 200 kr om du er fødd i 1996 eller seinare).