Stad: Nynorsk bokhandel (Nordahl Bruns gate 15)
Tid: torsdag 16. april kl. 18.30
Kringkastingsringen inviterer til endå ein nynorskpub, og denne gongen har vi fått med oss den prisvinnande journalisten Ragnhild Vartdal! Ho snakkar om formidling av alt frå heimlege rentekutt til globale nyheiter på nynorsk – og korleis det var å jobbe i ein redaksjon med nynorsknekt.
Det blir først årsmøte i Kringkastingsringen kl. 18.30, og så startar Ragnhild kl. 19.30.
Facebook-arrangement
Årsmøtedokument

Tidlegare nynorskpubar
Stad: Det Norske Teatret, Bikuben (teaterbaren i 2. høgda)
Tid: torsdag 26. februar kl. 19.00
Korleis skal vi få meir nynorskteksting på norske skjermar og kinolerret? Og korleis påverkar kunstig intelligens kåra for kampen om teksting på nynorsk?
Vi held fram serien med nynorskpubar og får denne gongen besøk av Vidar Lynghammar frå NTB og Annvor Seim Vestrheim frå Språkrådet. Saman dreg dei i gang diskusjonen.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkommen!
