Om oss

Kringkastingsringen er ein uavhengig medlemsorganisasjon som arbeider for mest mogleg nynorsk, dialekt og samisk i media. Me har om lag 700 medlemer.

Me har jamlege møte med NRK, driv generelt politisk arbeid og skipar til opne møte med ordskifte. Medlemsbladet Kringom kjem ut fire gonger i året, og ein skal leita lenge etter eit blad som i like stor grad har fokus på nynorsk i media. Kringkastingsprisen har vore delt ut av Kringkastingsringen sidan 1978. Prisen går til nokon som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.

Kringkastingsringen har eit styre som møtest jamleg, og ein tilsett dagleg leiar i ei deltidsstilling. Aksel Torsnes Mehlum er dagleg leiar i Kringkastingsringen.

Kringkastingsringen vart skipa i 1955.

Har du lyst til å bli medlem, eller har du ei sak som kan vere aktuell for oss? Ta kontakt!

Sjå òg sida vår på Facebook.

Styret
Beate Marie Dahl Eide, styreleiar
Erlend Blaalid Oldeide, nestleiar
Jógvan Helge Gardar
Geir Bjarte Hjetland
Hannah Kolås

Varafolk
Susanne Myklebust Egset
Hans-Olav Rise
Kristin Mork
Arne Henning Årskaug