Arbeidsplan 2014
1.Fremje nynorsken overfor journalistutdanningane
For at nynorsk og dialektane skal få den plassen dei har krav på i media, trengst det nynorskskrivande journalistar. Dei må og ha den tryggleiken som trengst for å halde på språket sitt i ei ofte bokmålsdominert medieverd. Her spelar journalistutdanningane ei viktig rolle. Kringkastingsringen vil framheve denne rolla.
Tiltak
– Møte med leiinga og tilsette ved HiOA, og eventuelt andre relevante utdanningsinstitusjonar, for å finne ut kva tiltak som trengst
– Skape allianse med andre som treng nynorskjournalistar, til dømes Nynorsk pressekontor og NRK
– Sende ut minst eitt lesarinnlegg om emnet
– Halde fram med å sende helsing til nynorskpraktikantane kvart halvår
– Skipa til opne møte/seminar/diskusjonar på journalistutdanninga i Oslo om å skrive på nynorsk og bokmål, gjerne i samarbeid med Høgskolen i Oslo og Mediemållaget
– Ha Nynorsk mediesenter som prioritet i Nynorsk forum sine felles budsjettinnspel for 2015
2. Halda fram arbeidet for meir nynorsk i barne- og ungdomsprogram
Det er brei politisk semje om at nynorsk og dialektar er særleg viktig i barne- og ungdomsprogram.
Dei siste fem åra har vi hatt eit nært samarbeid mellom målrørsla og NRK Super, og etablert årlege møte der leiinga for kanalen informerer om arbeidet for å få inn meir nynorsk. Vi vil halda fram det gode samarbeidet med NRK, men samstundes arbeida for å halda oppe det politiske presset om minst å greia minstekravet om 25 prosent nynorsk. Især etterspørja kvifor det igjen er under 25 prosent nynorsk i NRK Super.
Tiltak
– Ha møte med NRK Super-leiinga
– Fokusere på nynorskprosenten i NRK Super i media
– Etablera kontakt med dei kommersielle barnekanalane Disney Channel og Cartoon Network og arbeida for å få dei til å dubba til nynorsk og dialekt
– Oppmode TV2 om å bruke meir nynorsk i program retta mot barn og unge
3. Arbeida for meir nynorsk i etermedia og på nett
NRK ligg framleis under 25 prosent-kravet i mange kanalar, og det er tvilsamt kor mykje ein del av dei konsesjonslagde radiokanalane slepp til nynorsk og dialektar.
Tiltak
– Markera oss offentleg i ordskiftet når Allmennkringkastingsrapporten kjem
– Fokusere særskilt på nynorskprosenten på nrk.no
– Ha møte med Kringkastingssjefen om stoda for nynorsk i NRK. Inkludert ved distriktskontora.
– Krevja at DAB-kanalane (mellom anna NRK Super-radio) skal rapportera nynorskbruk på lik linje med primærkanalane.
4. Markera Kringkastingsringen som ein mediemålpolitisk aktør
Det er viktig å markera at Kringkastingsringen er ein organisasjon som set målpolitikk i media på dagsorden, og at vi er ein ressurs på det feltet. Mediebiletet er i endring. Med det digitale radionettet vert det plass til langt fleire radiokanalar. Nettavisene har eigne videoredaksjonar, og fjernsynssjåing føregår meir og meir ut frå konseptet «det du vil, når du vil» – Netflix og NRK si satsing på nett-TV er berre to døme. Kringkastingsringen følgjer med på denne utviklinga, og vurderer korleis me skal jobbe når medieflatene endrar seg.
Tiltak
– Skipa til minst eitt ope møte i arbeidsåret
– Dela ut Kringkastingsprisen
– Delta i det offentlege ordskiftet om språk og media gjennom presseutspel og lesarbrev
– Lage ein plan for jamlege medieutspel
– Trekkje fram program som nyttar nynorsk og dialekt på ein særskilt god måte
– Markere Prøysenåret. Framheve Alf Prøysen si rolle som banebrytar for bruk av dialekt i media.
– Vurdere vedtektsendring på bakgrunn av endra mediebilete dei siste åra
– Ha eit utgreiingsprosjekt om det endra mediebiletet og vår framtidige rolle i det
– Vitje nynorsk mediesenter og avissenter pluss NRK Sogn og Fjordane og eitt distriktskontor til, og stå på stand der vi er.
– Vitje dei Nynorske festspela
5. Styrkja organisasjonen
Den viktigaste ressursen Kringkastingsringen har, er medlemmane våre. Dei gjev oss både tyngd som interesseorganisasjon og økonomiske ressursar til å driva det utetterretta arbeidet vårt. Vi har jamt over svært lojale medlemmar, men mistar også nokre, og det er få under 30 år. Å auka medlemstalet er difor ei viktig oppgåve i 2014.
Tiltak
– Ha vervekampanje våren og hausten 2014, der målet er minst 100 nye medlemar
– Gje ut 3 nummer av Kringom
– I større grad nytta heimesidene og andre kanalar på Internett (td. Facebook
og Twitter) for å nå ut med politikken vår
– Halda fram samarbeidet med Noregs Mållag og andre målpolitiske aktørar,
og dra nytte av nettverka deira.
– Strategisk verving av nærskylde organisasjonar og institusjonar. Brev og oppfølging med telefon.
-Sende Kringom til så mange relevante institusjonar som råd
– Skaffe effektar for marknadsføring på stand og liknande.