Årsmelding 2000

1 Innleiing
År 2000 har vore eit mediepolitisk aktivt år i Noreg. Ny konsesjon vart lyst ut for TV2, og Kulturdepartementet ønskte å auksjonere ut konsesjonen, men departementet kom i ettertid fram til at det er kvalitetane i innhaldet som må telje mest når ny konsesjon skal avgjerast. Difor har ikkje-kommersielle krav om norskproduserte program, språk og kultur vorte tatt med som ein viktig del av konsesjonsteksten.

NRK er i eit leiarskifte; ny kringkastingssjef skal tilsetjast etter Einar Førde. Tilsettingsprosessen har tatt lang tid og gjeve NRK mange problem. NRK slit også tungt økonomisk, m.a. grunna omlegging og utvikling av ny teknologi. Vi er i starten til eit nytt digitalt sendarnett. Dette vil gje utfordringar og nye mogelegheiter ved å kunne sende mange varierte og ulike programtilbod til heile folket. I ei slik omstillingstid har Kringkastingsringen først og fremst valt å stø NRK i å halde på og tryggje allmennkringkastingsprofilen.

Kringkastingsringen har difor i år 2000 vore på banen med mange mediepolitiske saker, slik det går fram av årsmeldinga. Vi ser på året som viktig i arbeidet med å tryggje nynorsk språk og dialektar i den nye TV2-konsesjonen og i NRK sin allmennkringkastingsprofil.

2 Årsmøtet
Årsmøtet vart halde i lokala til Nynorsk Pressekontor i Pilestredet 8, Oslo, tysdag 28. mars. Årsmøtet samla 18 engasjerte medlemmer. Referat frå møtet er med som vedlegg etter årsmeldinga.

3 Kontakt med medlemmene
Kringom kom med 3 nummer i 2000. Styret valde å utsette det siste nummeret til nyåret 2001 for å redusere underskotet i 2000. Bladet er Kringkastingsringen sin viktigaste informasjonskanal. Alv Reidar Dale tok på seg formgivinga av Kringom nr 1. Dagleg leiar tok deretter over bladbunaden. Heimesidene på Internett er ei viktig modernisering av Kringkastingsringens profilering. Bruk av e-post har gjort kommunikasjonen med tillitsvalde og medlemmer mykje meir rasjonell. Denne kanalen har også opna ein effektiv port for utsending av meldingar til eit breiare publikum.

4 Medlemstal og gåver
Kringkastingsringen hadde ca 1600 medlemmer av ulike kategoriar ved utgangen av året. Det som kan sjå ut som ein liten nedgang frå året før, skuldast til ein viss grad opprydding i registeret då vi tok i bruk nytt program. Det er likevel ikkje tvil om at medlemstalet går nedover. Medlemmene er derimot svært lojale og ein stor del av dei 1450 som betalte kontingenten i år 2000, gav i tillegg 170.018,38 kroner i gåver. Fordi vi ikkje har statsstøtte eller andre sponsorar, er desse gåvene avgjerande for at Kringkastingsringen kan oppretthalde drifta.

5 Økonomi
Årsrekneskapen for 2000 syner eit underskot på 39.644 kroner. Dette er om lag som i revidert budsjett. Det er likevel viktig å merke seg at økonomien vart berga av ei større testamentarisk gåve på 80.000 kroner frå ein medlem i Bergen. Det er difor rett og nødvendig at styret har vedteke å redusere bemanninga på kontoret med 50 %. Dette kunne ordnast smidig og utan konfliktar av noko slag ved at dagleg leiar takka ja til tilbod om jobb ein annan stad frå årsskiftet. På styremøtet i desember vart Knut E. Karlsen tilsett som ny dagleg leiar i 50 % stilling frå 01.01.01. Likviditeten til Kringkastingsringen er svekka etter to år med underskot, men framleis til å leve med.

6 Publikumsinformasjon
Med eigne heimesider på Internett opna Kringkastingsringen ein ny og viktig informasjonskanal til eit breitt publikum. Her ligg det store utfordringar i å utvikle dei som informasjons- og kommunikasjonsmiddel både i forhold til medlemmene våre og med samfunnet elles. Etter kvart som stadig fleire tek i bruk Internett, vil dette bli eit mykje viktigare middel i arbeidet. Ved aktuelle høve kjem Kringkastingsringen med utspel til pressa. Kringkastingsringen leverte stoff til alle nummer av Norsk Tidend i 2000. Dagleg leiar deltar i redaksjonsnemnda for bladet.

7 Kringkastingsprisen
Prisen vart i 2000 delt ut til TV2-journalisten Siri Lill Mannes. I grunngjevinga la juryen vekt på ”den ledige og friske formidlinga av nyheiter som i kombinasjon med journalistisk og fagleg integritet gir sjåaren eit svært truverdig inntrykk. Slik står Siri Lill Mannes fram som ein strålande ambassadør for det nynorske språket i fjernsynet”.

Då Siri Lill takka for prisen, sa ho m.a. dette:
– Normering mot bokmålet blir knoting for meg. Og knoting er ikkje bra på Karmøy.
– Å vere nynorskbrukar i TV 2 er lett. Kanalen har ei open haldning – overraskande med tanke på at det er ein kommersiell kanal. Nyheitene er dominert av nynorsk.

8 Politisk arbeid
Ved årsskiftet gjekk Kringkastingsringen ut med krav om at norsk språk, identitet og kultur må styrkast i dei nye konsesjonsvilkåra som vert sendt til TV2. Brevet til Kulturdepartementet vart følgt opp av presseutspel og fekk god omtale.

Det vart sendt ei lengre fråsegn til Kulturdepartementet der vi argumenterte og reiste ei rad kulturelle og språklege krav i den aktuelle mediepolitiske situasjonen.

Vi følgde opp med nytt utspel om ”ingen konsesjon utan nynorsk teksting”.

Etter lang tids førebuing vart debatten om allmennkringkasting halden midt i november. Arrangementet vart gjennomført i samarbeid med Mediemållaget og BUL Oslo. Møtet samla 60 deltakarar.

Kringkastingsringen sende høyringsfråsegn om endringa i fjernsynsføresegnene som følgje av eit EØS-direktiv på området. Kringkastingsringen har òg vedteke fråsegner om konsesjonsavgift og om NRK2 til heile folket.

I september hadde Kringkastingsringen saman med Noregs Mållag og Mediemållaget eit møte med kringkastingssjefen i NRK, Einar Førde. Saker som vart tekne opp var allmennkringkasting, teksting, kyrkjemålet og barne-TV.

I løpet av året hadde styret 6 møter og handsama 47 saker.

9 Talemålskurset
Talemålskurset blir framleis vurdert som eit viktig verkemiddel. Vi annonserer fast for kurset i Kringom og har jobba for å selje det til aktuelle institusjonar. Dei konkrete resultata manglar, men vi håpar på fleire kurs.
10 Samarbeid

10.1 Nynorsk forum
Nettverket samlar dei aller fleste nynorskinteressene i hovudstaden, og Kringkastingsringen møtte på alle møta i 2000. Forumet er ein viktig arena for å drøfte, utvikle og samordne tiltak og utspel.
10.2 Noregs Mållag
Gjennom året har Kringkastingsringen hatt eit godt samarbeid med mållaget. Samlokaliseringa fungerer positivt. Styret i Kringkastingsringen har teke initiativ til å samkøyre administrative rutinar med NM for å oppnå økonomisk vinst. Vi trur dette er viktige skritt å ta som kan opne for ytterlegare samarbeid seinare.
10.3 Folkekulturforbundet
Gjennom medlemskapen i FKF kan vi formidle støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis.
10.4 Mediemållaget
Styret har vedteke å utvikle samarbeidet med Mediemållaget. Dagleg leiar deltar på styremøta og var elles til stades på årsmøtet i laget. Etter initiativ frå Kringkastingsringen mottar no alle medlemmer i Mediemållaget Kringom mot at styret i laget tar ansvar for å levere aktuelt stoff. Dei kan òg nytte bladet til reine meldingar til medlemmene sine.
10.5 Representasjon
Kringkastingsringen var representert på ei rad arrangement gjennom året:
Årsmøte i Noregs Mållag: Erik Bolstad
Årsmøte i Dag og Tid: Jon Låte og Kjell Arve Straumsvåg
Representantskapsmøte i Folkekulturforbundet: Sverre Valdal
Dei nynorske festspela og opninga av Ivar Aasen-senteret: Jon Låte, Kjell Arve Straumsvåg, Alv Reidar Dale og Sverre Valdal
Vinterseminaret i Noregs Mållag: Sverre Valdal

Roald Waktskjold og Sølvi Lyngnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Vararepresentantar er Kjell Arve Straumsvåg og Randi Alsnes.
Olga Meyer og Øystein Tormodsgard representerer Kringkastingsringen i Riksfondet for nynorsk presse.

Oslo, den 14.3.01

Jon Låte /sign/ Knut E. Karlsen /sign/ Kjell Arve Straumsvåg /sign/
leiar dagleg leiar nestleiar

Karl-Johan B. Olsen /sign/ Alv Reidar Dale /sign/ Ann-Elisabeth Ertresvåg /sign/
styremedlem styremedlem styremedlem

Olav Høgetveit /sign/ Erik Bolstad /sign/ Sissel Anny Hjelmtveit /sign/
varamedlem varamedlem varamedlem

Sæbjørn Forberg /sign/
varamedlem