1 Innleiing
2001 har vore eit jamt godt år for Kringkastingsringen. Vi har følgt opp tiltaka i arbeidsprogrammet så langt som råd, men som kjent måtte vi frå januar 2001 redusere stillinga til dagleg leiar med 50 prosent. Økonomien er blitt betre etter dette året, og i det nye budsjettet signaliserer vi at vi kan auke aktiviteten igjen, voneleg med dagleg leiar i 60 prosent stilling. Som det går fram av årsmeldinga har vi vore på banen med politiske utspel i høve til styresmaktene om TV 2-konsesjonen, om mediemeldinga til Kulturdepartementet, om sikring av distriktskontora til NRK, om utbyggingspolitiske spørsmål knytt til digitale sendingar og førebudd møte med den nye kringkastingssjefen i NRK.
Vi har delt ut Kringkastingsprisen, vi har gjeve ut bladet Kringom i tre nummer, og vi har møtt andre nynorskorganisasjonar gjennom Nynorsk forum. Kringkastingsringen har dessutan marknadsført organisasjonen der målfolk møtest, og vi har planlagt ny vervekampanje for å styrkje arbeidet vårt.
Når det gjeld å styrkje situasjonen for nynorsken og dialektane i media, er det mange uløyste oppgåver for Kringkastingsringen. Å få fram fleire nynorskbrukande journalistar er ei viktig sak å arbeide med, samstundes som vi må syte for at kringkastingsselskapa tek omsyn til språk når dei tilset medarbeidarar. I tillegg har Kringkastingsringen mange språklege utfordringar å takle i den nye digitale mediekvardagen som står framfor oss.
2 Årsmøtet
Årsmøtet blei halde 15. mars i lokala til Nynorsk pressekontor i Pilestredet 8 i Oslo. 9 medlemmer møtte fram. Referatet frå årsmøtet finst som vedlegg etter årsmeldinga.
3 Medlemstal og gåver
I medlemsdatabasen er det no registrert 1406 personar. Av desse betalte 1316 årspengar for 2001. Den negative utviklinga i medlemstalet har vore vanskeleg å snu. Det naturlege fråfallet er stort, og det er ei stor utfordring å verve nye medlemmer. Ei oppmoding til eksisterande medlemmer om å verve nye (Verveaksjon 2001) har gjeve ein del nye namn, men ikkje nok til å hindre ein nedgang i det totale talet medlemmer. Inneverande år har styret sett i gang ein kampanje der ein tek direkte kontakt med potensielle medlemmer per telefon.
Gjevargleda blant medlemmene er stor. I tillegg til årspengane kom det inn 112 093 kroner i gåver.
4 Økonomi og administrasjon
Årsrekneskapen for 2001 viser eit overskot på 66 243 kroner. Dette er godt over det årsresultatet ein la opp til i det reviderte budsjettet for 2001 (34 510 kroner). Etter fleire år med underskot vil styret leggje overskotet til eigenkapitalen. Tala viser at dei prioriteringane styret gjorde då det vedtok å redusere bemanninga på kontoret med 50 prosent frå 1. januar 2001, har gjeve resultat. Med tanke på overskotet i rekneskapsåret 2001 og vervekampanjen som no er sett i gang, meiner styret det er forsvarleg å auke stillingsprosenten for dagleg leiar til 60 frå 1. april 2002.
Kontoret til Kringkastingsringen ligg i Kirkegata 32. Vi leiger lokale av Noregs Mållag. Knut E. Karlsen har frå 1. januar 2001 vore tilsett i 50 prosent stilling som dagleg leiar.
5 Kontakt med medlemmene og publikumsinformasjon
Dei nye nettsidene til Kringkastingsringen er ein god måte å spreie informasjon på. Sjølv om organisasjonen i dag har mange eldre medlemmer som vi ikkje ventar å nå gjennom dette mediet, er nettstaden ein måte å vise seg fram på. Eit døme er den auka interessa for Kringkastingsringen vi opplever ved utdelinga av Kringkastingsprisen. No har både presse og andre interesserte høve til å finne relevant informasjon på nettsidene. I ein periode blei www.kringkastingsringen.no ikkje oppdatert mellom anna på grunn av tekniske problem, men i oktober var problema løyst og nettstaden stod fram i ny bunad. Nytt publiseringsverktøy gjer at det no er enklare å oppdatere sidene.
Kringom er det viktigaste kontaktleddet mellom organisasjonen og medlemmene og har vore eit prioritert arbeidsområde. Det kom ut 3 nummer av medlemsbladet i 2001. Intensjonen var 4 utgjevingar, men på grunn av stort arbeidspress på kontoret kom Kringom 3/2001 først ut i oktober, og då var det lite realistisk å få til ei fjerde utgjeving før jul. Saman med Kringom blir det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.
I tillegg til at Kringom blir sendt ut til medlemmene, blir bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.
Kringkastingsringen har ein fast kronikk/kommentarartikkel i Norsk Tidend der vi fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.
6 Politisk arbeid
Like før årsmøtet i 2001 arrangerte Kringkastingsringen eit fagmøte der temaet var teknologien bak omgrepa digital og breiband og om korleis denne teknologien kjem til å endre mediekvardagen vår. Det var Rolf Brandrud, rådgjevar i NRK Futurum, som heldt foredraget.
Etter førre årsmøte sende Kringkastingsringen ut fråsegner med krav om auka statleg støtte til NRK, meir nynorsk teksting i TV 2 og vi helsa NRKs fylkesvise sendingar i Nordland og Østfold velkommen.
Spørsmålet om nynorsk teksting i TV 2 blei følgt opp med eit brev til Kulturdepartementet der Kringkastingsringen saman med ein del andre nynorskorganisasjonar kravde at det i konsesjonsvilkåra til TV 2 skal presiserast at det både i tale og tekst skal vere rimeleg fordeling mellom dei to målformene.
I juli deltok Kringkastingsringen på Noregs Ungdomslags organisasjonstorg i Asker. Her var fleire nynorskorganisasjonar inviterte til å vise seg fram for landsstemnedeltakarane og andre interesserte. Til dette arrangementet blei det laga informasjonsplakatar om Kringkastingsringen som mellom anna også blei brukte på landsmøtet i Noregs Mållag og på Dei Nynorske Festspela i Ørsta/Volda.
Kringkastingsringen deltok i september saman med ein del andre nynorskorganisasjonar og nynorskføretak på eit samrådingsmøte for å diskutere kva ein kan gjere for å få Fokus Bank til å gjere om vedtaket om å fjerne målparagrafen. Ein mogleg sanksjon er å bytte bank.
I september tok Kringkastingsringen initiativ til eit møte med nytilsett kringkastingssjef i NRK, John G. Bernander. Møtet fann stad i mars 2002 og hovudsaka var sentraliseringa av distriktskontora og konsekvensane for nynorsk- og dialektbruken.
I oktober var Kringkastingsringen i møte med leiaren av Språkutvalet i NRK, Ragnhild Sælthun Fjørtoft. Det blei diskutert korleis ein kan auke nynorskdelen i NRK.
Hausten 2001 leidde Kringkastingsringen arbeidet med å utforme merknader til mediemeldinga som regjeringa Stoltenberg la fram i september. På initiativ frå Noregs Mållag blei det sett ned eit utval med representantar frå Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Mediemållaget som hadde til oppgåve å lese meldinga med språkpolitiske auge. Merknadene er no sendt over til Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen på Stortinget som ei høyringsfråsegn.
Kringkastingsringen og dei andre medlemmene i Nynorsk forum hadde i november møte med Løvebakken Mållag. Målet var å gjere stortingsrepresentantane kjende med dei viktigaste målpolitiske sakene og gje dei bakgrunnsstoff. Kringkastingsringen valde å fokusere på kva verdi pressestøtta har for dei nynorskspråklege avisene.
Styret vedtok å utsetje det planlagde fagmøtet hausten 2001 til våren på grunn av haustseminaret til Noregs Mållag. Det er no klart at møtet er lagt til same dag som årsmøtet 2002 og temaet denne gongen er sentraliseringa av distriktskontora til NRK og konsekvensane for nynorsken og dialektane. Innleiar blir distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Magni Øvrebotten.
I desember sendte Kringkastingsringen saman med Noregs Mållag ut ei pressemelding der vi gav uttrykk for at vi var uroa over nedbygginga av distriktskontora og konsekvensane for nynorsk- og dialektbruken.
I 2001 hadde styret 5 møte og behandla 30 saker.
7 Kringkastingsprisen
Kringkastingsprisen gjekk i 2001 til NRK-journalist Egil Johan Ree. Han har eit langt liv bak seg i NRK, men er i dag best kjent for innslaga i programposten Her & No i P1 der han kjem med skråblikk på aktuelle spørsmål. I grunngjevinga uttalte juryen at Ree bruker språket på ein måte som gjer at lyttarane får med seg det han seier. Han legg vekt på ord og formuleringar som folk forstår. Språket er enkelt samtidig som ordforrådet er rikt. Dette gjer Egil Johan Ree god å høyre på. Med eit ledig nynorsknært talemål med solid forankring i jærdialekten er han ein framifrå ambassadør for nynorsk som etermediespråk.
Under prisutdelinga på Det Norske Teatret 20. april sa Ree at han var både stolt og glad for å få Kringkastingsprisen.
Prisutdelinga fekk god omtale i media med oppslag i NRK2, NRK Dagsnytt og i mange aviser.
8 Samarbeid
8.1 Nynorsk forum
Nettverket av nynorskorganisasjonar og –føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein viktig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel.
8.2 Noregs Mållag
Samlokaliseringa i Kirkegata 32 fungerer bra. Gjennom året har Kringkastingsringen og Noregs Mållag samarbeidd om tiltak som til dømes merknadene til mediemeldinga. Det er også eit fruktbart samarbeid med redaksjonen i Norsk Tidend.
8.3 Folkekulturforbundet
Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis.
8.4 Mediemållaget
Mediemållaget har fast spalteplass på side 3 i Kringom og medlemmene i mediemållaget er også elles flinke til å levere stoff til bladet.
8.5 Representasjon
Kringkastingsringen var representert på desse arrangementa i 2001:
Årsmøtet i Folkekulturforbundet
Tinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Dei Nynorske Festspela
Noregs Ungdomslags landsstemne
Landsmøtet i Noregs Mållag
Noregs Mållags haustseminar
Rådsmøte i Nynorsk kultursentrum
9 Styre og verv
Styret har i 2001 hatt denne samansetninga:
Jon Låte (leiar), Kjell Arve Straumsvåg (nestleiar), Alv Reidar Dale (styremedlem), Karl-Johan Bruun-Olsen (styremedlem) og Olav Høgetveit (styremedlem). Varamedlemmer har vore Erik Bolstad, Sissel Anny Hjelmtveit og Sæbjørn Forberg. Etter årsmøtet i 2001 fekk styret fullmakt til å finne den siste vararepresentanten og frå august 2001 har Unn Aarrestad fungert som varamedlem.
Roald Waktskjold og Sølvi Lyngnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor. Varamedlemmer er Randi Alsnes og Kjell Arve Straumsvåg. Olga Meyer og Øystein Tormodsgard er Kringkastingsringens representantar i Riksfondet for nynorsk presse.
Oslo, 13. mars 2002
Jon Låte /sign/ Knut E. Karlsen /sign/ Kjell Arve Straumsvåg /sign/
leiar dagleg leiar nestleiar
Olav Høgetveit /sign/ Alv Reidar Dale /sign/ Unn Aarrestad /sign/
styremedlem styremedlem varamedlem