Årsmelding 2003

1. Innleiing

2003 var eit godt og aktivt år for Kringkastingsringen. Me kan trygt seia at me nå har snudd nedgangen til vekst att. Bakgrunn for dette er mykje dei ekstra gåvene me har fått inn og den vellukka vervekampanjen med nær på 200 nye medlemer. Me kjenner nå grunnlaget trygt for den vidare drifta.

Kringkastingsringen har vore aktiv med utspel gjennom pressemeldingar og lesarinnlegg. Me har nå lov til å tru at det er aktiviteten frå vår side som er bakgrunn for veksten.

Kringkastingsringen hadde i året som gjekk møte med leiinga i NRK om styrking av nynorskbruken der. Særleg fokusering hadde me på barne- og ungdomsprogram der nynorsk og dialektbruk nå er om lag fråverande. Dette må fylgjast opp nå. Det er blant dei yngste det er viktigast å få inn nynorsken for å gjera det til eit dagleg-, arbeids- og leikespråk.

Distriktskontora har fått vera i ro dette året, men me veit at det snart kan koma forslag om nedleggingar og samanslåingar att. Me veit at Kringkastingssjefen truga med å utsetja oppstarten av det nynorske kompetansesenteret i Førde eller å leggja ned eit par distriktskontor dersom lisensen ikkje hadde vorte auka. Det ser ut til at desse områda er det mest sårbare av ein eller annan grunn.

Forslaga om nedlegging av distriktskontor kan skje i ei tid der folk i praksis har grenselaus tilgang på utanlandske media gjennom fjernsynskanalar, og der auka digitalisering er nært føreståande med sin engelske påverknad. Dette gjer at distriktssendingane bør bli ein ennå meir sentral del av verksemda i NRK. Målet må heller vera å styrka norsk språk, identitet og kultur. Derfor er styrken til NRK nettopp distriktskontora. Hadde berre NRK snart sett det sjølv! Dette gjer at Kringkastingsringen trengst som vakne vaktbikkjer.

God nynorskdekning i media er ikkje minst avhengig av at medarbeidarar i radio og fjernsyn både får høve til og i tillegg ynskjer å nytta nynorsk og dialekt i sendingane sine. Derfor har Kringkastingsringen kvart år sidan 1978 delt ut Kringkastingsprisen til ein medarbeidar som har utmerka seg med dette. Dette er med på å marknadsføra organisasjonen vår, noko me også gjer der målfolk møtest.

2. Årsmøtet

Årsmøtet blei halde 25. mars i lokala til Dag og Tid i Pilestredet 8 i Oslo. 14 medlemmer møtte fram. Referatet frå årsmøtet finst som vedlegg etter årsmeldinga.

3. Medlemstal og gåver

I 2003 vart det registrert 1243 betalande medlemmer. Av desse er 91 livstidsmedlemmer.

Styret har i løpet av året gjennomført ein vervekampanje med istikk i Norsk Tidend, Dag og Tid, Syn og Segn, Firda og Ungdom, medlemsbladet til Noregs ungdomslag. Dette har resultert i 196 nye medlemmer.

Gjevargleda blant medlemmene er stor. I tillegg til årspengane kom det inn 269 914 kroner i gåver. Dette talet viser at det er ei sterk tru blant medlemmene på at det nyttar å arbeide mot medieverksemdene og styresmaktene for å få gjennom viktige saker.

4. Økonomi og administrasjon

Årsrekneskapen for 2003 viser eit overskot på 112 607 kroner. Dette er eit overskot som styret ikkje hadde budsjettert med og kjem i hovudsak på bakgrunn av den vellukka vervekampanjen, i tillegg til dei ekstra gåvene Kringkastingsringen har fått. Styret vil overføra 30 000 kroner til fondet for 50-årsjubileet i Kringkastingsringen. Resten vert lagt til eigenkapitalen.

Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Kirkegata 32. Tormod Strømme er tilsett i 60 prosent stilling som dagleg leiar.

5. Kontakt med medlemmene og publikumsinformasjon

Medlemsbladet Kringom er den viktigaste informasjonskanalen til medlemmene. I 2003 kom det i tråd med arbeidsprogrammet ut fire nummer av Kringom. Bladet har vore ei prioritert oppgåve og mykje av arbeidstida til dagleg leiar har gått med til bladproduksjon. Det har i 2003 vorte gjort visse endringar i bladet når det gjeld innhald og form. Dette er fordi ein har ynskja å gjera bladet meir oversiktleg og lettare tilgjengeleg for lesarane. Desse endringane har vorte positivt motteke. Saman med Kringom blir det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom blir sendt ut til medlemmene, blir bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

Nettsidene til Kringkastingsringen har no fått ei form som styret er nøgd med. I tillegg til at ein kan finne basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram o.s.b., fungerer sidene som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. I løpet av 2003 vart også Kringom publisert på nettet. Målsetjinga er å oppdatere nettsidene minst ein gong i veka.

Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vingnetten Media der vi fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.

6. Politisk arbeid

I samband med årsmøtet i 2003 arrangerte Kringkastingsringen eit debattmøte med tittelen: ”Kanal4 – allmennkringkastar for folket eller for dei få”. Innleiar var redaktør i Kanal4, Anne Jortveit. På møtet vart planane for den nye radiokanalen lagt fram, og medlemmene fekk høve til å koma med innspel og spørsmål til redaktøren. Møtet vart dekka av Aftenposten.

Etter førre årsmøte sende Kringkastingsringen ut to fråsegner: «Den nye kulturmeldinga må ta språkleg jamstilling i media på alvor» og «Østlandssendinga på rett veg»: Kringkastingsringen har skrive fleire lesarbrev og pressemeldingar om mellom anna Kanal24, statsbudsjettet, kulturmeldinga og kutt i pressestøtta, som generelt har fått god dekning.

I september sendte Kringkastingsringen eit ope brev til nyheitsredaktør i Dagsrevyen, Anette Groth, der me etterlyste nynorsktalande nyheitsopplesarar.

I oktober hadde Kringkastingsringen møte med kringkastingssjefen i NRK, John G. Bernander. Det vart fokusert på fire hovudsaker: Distriktskontora, nynorske nyheitsopplesarar, nynorsk i barne- og ungdomsprogramma og rapporten frå Allmennkringkastingsrådet for 2002 som syner ein tilbakegang for nynorskbruken i NRK.

I samband med statsbudsjettet sendte Kringkastingsringen eit brev til kulturkomiteen der me kravde at Stortinget må sikra dei økonomiske vilkåra til dei norske avisene, i tillegg til å sikra rimelege økonomiske vilkår for NRK.

7. Kringkastingsprisen

Kringkastingsprisen 2003 gjekk til Arne Hjeltnes, programleiar i det populære programmet Gutta på tur på TV2. I grunngjevinga la juryen vekt på at Hjeltnes bruker nynorsk og dialekt i andre samanhengar enn der ein oftast høyrer desse målformene. Han snakkar eit enkelt og levande språk som folk forstår. Dette gjer Arne Hjeltnes god å høyre på. Med eit ledig nynorsknært talemål med solid forankring i vossadialekten er han ein framifrå ambassadør for nynorsk som etermediespråk.

– Kringkastingsringen ønskjer å heidre deg fordi du i mange år har vore ein profilert nynorsk- og dialekttalande programleiar i fjernsynet. Språket ditt er naturleg, og du formidlar stoff med humor og eit glimt i auga, sa styreleiar Unn Aarrestad under utdelinga av Kringkastingsprisen på Det Norske Teatret 8. april.

Frammøtet på pressekonferansen var ikkje tilfredsstillande, men det er likevel inntrykket at mange fekk med seg medieomtalen.

8. Samarbeid

8.1 Nynorsk forum

Nettverket av nynorskorganisasjonar og -føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein nyttig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel. Dagleg leiar møter her.

8.2 Noregs Mållag

Samlokaliseringa i Kirkegata 32 fungerer bra. Det er også eit godt samarbeid med redaksjonen i Norsk Tidend.

8.3 Folkekulturforbundet

Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis.

8.4 Mediemållaget

Mediemållaget har fast spalteplass på side 3 i Kringom.

8.5 Representasjon

Kringkastingsringen var representert på desse arrangementa i 2002:
Landsmøtet i Noregs Mållag ved Unn Aarrestad.
Vinterseminaret i Noregs Mållag ved Tove K. Eidhammer
Dei Nynorske Festspela ved Alv Reidar Dale.

9. Styre og verv

Styret har i 2003 hatt denne samansetninga:
Unn Aarrestad (leiar), Alv Reidar Dale (nestleiar), Martin Toft (styremedlem), Olav Høgetveit (styremedlem) og Eli Ulvestad (styremedlem). Varamedlemmer har vore Tove K. Eidhammer, Leif Halvard Silli, Dagfinn Worren og Kari Harsheim.

I 2003 hadde styret 8 møte og behandla 53 saker.

Martin Toft og Sølvi Lyngnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor. Varamedlemmer er Randi Alsnes og Kjell Arve Straumsvåg. Olga Meyer og Øystein Tormodsgard er Kringkastingsringens representantar i Riksfondet for nynorsk presse.

Styret sette ned ei nemnd som skal jobba med 50-årsjubileet til Kringkastingsringen. I nemnda sit Kjell Arve Straumsvåg (leiar), Jon Låte, Randi Alsnes og Eli Ulvestad. Tormod Strømme er skrivar.

Oslo, 18. februar 2004

Unn Aarrestad /sign/
Tormod Strømme /sign/
Alv Reidar Dale /sign/
Olav Høgetveit /sign/
Martin Toft /sign/
Eli Ulvestad /sign/