Årsmelding 2006

1. Årsmøtet

Årsmøtet blei halde 14. mars i lokala til Nynorsk pressekontor i Pilestredet 8 i Oslo. 15 medlemmer møtte fram. Referatet frå årsmøtet finn du som vedlegg etter årsmeldinga.

2. Medlemstal og gåver

2.1. Medlemstal

I 2006 vart det registrert 1114 betalande medlemmer. Av desse er 84 livstidsmedlemmer.
Det er 35 færre betalande medlemmer enn i 2005. Samstundes har 53 nye medlemmer meldt seg inn i 2006, størsteparten på vervekampanjen i desember. Dei betalte årspengar ved innmelding, men desse medlemspengane er førde på 2007. Til saman hadde altså Kring¬kastingsringen ein reell medlemsoppgang i året som gjekk.

På grunn av overgang til nytt medlemsregister om sumaren, har me ikkje oversyn over kor mange som vart strokne frå medlemsregisteret i 2006.

2.2. Gåver

Gjevargleda blant medlemmene er stor. I tillegg til årspengane kom det inn 208 752 kroner i gåver. Dette talet viser at det er ei sterk tru blant medlemmene på at det nyttar å arbeide inn mot medieverksemdene og styresmaktene for å få gjennom viktige saker. Sidan budsjettmålet for gåver vart møtt allereie hausten 2006, valde styret å ikkje leggja ei gåvegiro ved Kringom 4/2006, men i eit verveflygeblad.

Gåver frå medlemene er svært viktige for drifta av Kringkastingsringen, som ikkje har statsstønad eller andre sponsorar. Dei mange gåvene i 2006 gjorde det mogleg å ha meir utetterretta verksemd, til dømes det opne seminaret Språkreisa – nynorskingar i riksmedia som me skipa til i januar 2007.

3. Økonomi og administrasjon

3.1. Årsrekneskapen

Årsrekneskapen for 2006 viser eit overskot på 44 265 kroner, noko som er om lag ni prosent av omsetnaden. Hovudsakleg kom overskotet av at det har kome inn fleire gåver enn enn budsjettert, og nytta noko mindre til løn enn budsjettert. Styret vil overføra årsresultatet til eigenkapitalen.

3.2. Gåvefond

Det vart ikkje nytta midlar frå dette fondet i 2006. Det var 27 118 kroner i gåvefondet per 31.12.2006.

3.3. Administrasjon

Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Schweigaards gate 16.

Marit Aakre Tennø var tilsett i 50 prosent stilling som dagleg leiar fram til 1. juli, før ho gjekk ut i permisjon. Frå 1. august til 30. november var Gudrun Kløve Juuhl tilsett som dagleg leiar, før ho òg gjekk ut i permisjon. I mellomtida slutta Marit Aakre Tennø. Tarjei Vågstøl vart mellombels tilsett som fungerande dagleg leiar frå 1. desember 2006.

Tormod Strømme var tilsett fram til 31.12.2006 i ei 20 prosent stilling med hovudvekt på økonomiske og administrative oppgåver og arbeid med medlemsbladet Kringom.

4. Kontakt med medlemene, informasjons- og pressearbeid

4.1. Kringom

Medlemsbladet Kringom er den viktigaste informasjonskanalen til medlemmene. I 2006 kom det ut fire nummer av Kringom, eitt nummer meir enn arbeidsplanen hadde slått fast.. Bladet er ei prioritert oppgåve, og mykje av arbeidstida til dagleg leiar går med til bladproduksjon. Dagleg leiar er redaktør for bladet og skriv dei fleste tekstane. I tillegg har det vore nytta tekstar frå Norsk Tidend og NPK. Det har vore gjeve noko honorar til eksterne skibentar som har bidrege med lange artiklar. Saman med Kringom vert det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom vert sendt ut til medlemmene, vert bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

4.2. Nettsidene

På nettsidene finn ein basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram osb. Sidene fungerer som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. Kringom vert også publisert på nettstaden. Målsetjinga er å oppdatere nettsidene minst ein gong i veka.

4.3. Norsk Tidend

Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vignetten Media, der me fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.

4.4. Pressearbeid

Det vart i løpet av 2006 sendt ut 3 pressemeldingar og 3 lesarbrev. Det er om lag det same som året før. Lesarbreva og pressemeldingane vert sende ut til 110 redaksjonar.

Pressemeldingar
22.03.2006 Ny leiar i Kringkastingsringen
20.04.2006 Kringkastingsprisen 2006
20.12.2006 Dagsseminar 20.01.2007: Språkreisa – nynorskingar i riksmedia

Lesarbrev
07.03.2006 Utfordringar for ny barnekanal i NRK
14.08.2006 Fylg reglane, NRK!
19.09.2006 Krev plass for nynorsk ved avisfusjon!

4.5. Seminar
Styret brukte mykje tid hausten 2006 på å arbeida med seminaret ”Språkreisa – nynorskingar i riksmedia”, som vart skipa til 20. januar 2007.

5. Politisk arbeid

5.1. Møte med Kulturdepartementet

27. mars hadde Kringkastingsringen møte med Kulturdepartementet (KKD). Styreleiar og dagleg leiar møtte frå Kringkastingsringen. Frå KKD møtte statssekretær Mette Gundersen og rådgjevar i Åse Kringstad. På møtet vart særleg Vinjefondet og stortingsmeldinga om språk og makt drøfta.

5.2. Vinjefondet

18. april inviterte Kringkastingsringen resten av målrørsla til eit idemyldringsmøte om Vinjefondet. På møtet møtte Mediemållaget, Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

5.3. Møte med NRK

6. september vart det skipa til møte med NRK. NRK har no gått over til ein ny måte å statistikkføra nynorskbruken, der dei måler prosenten av nynorsk, bokmål og dialekt i 1000 tilfeldige (randomiserte) verbalminutt per kanal. Dette skal gje eit rettare bilete av stoda for nynorsken i NRK. NRK sjølve meiner at ho no er god, bortsett frå på nettet. Der, som i andre samanhengar, meiner NRK hovudproblemet er å få tak i gode nynorskjournalistar, trass samarbeidet med Nynorsk mediesenter i Førde.

5.4. Møte med Dagbladet

12. september hadde Noregs Mållag og Kringkastingsringen møte med Anne Aasheim, sjefredaktør i Dagbladet om språkpolitikken til Dagbladet. Frå Kringkastingsringen møtte leiar og dagleg leiar. Anne Aasheim fortalde at ho var positiv til nynorsk, og at det var viktig for Dagbladet å vera generøse og sleppa til eksterne skribentar på nynorsk. Når det galdt redaksjonelt stoff, ville ho ikkje lova noko sikkert. Me oppsummerte møtet som positivt, og noko som kan vera verdt å fylgja opp.

5.5. Møte med TV2

14. desember var Kringkastingsringen i møte med TV2. I tillegg til dagleg leiar og styreleiar møtte Gro Morken Endresen frå Noregs Mållag og Knut Åge Teigen frå Mediemållaget. Frå TV2 møtte informasjonsdirektør Rune Indrøy og Øystein Rygg Hånes.

I møtet la TV2 stor vekt på at dei nytta mykje dialekt, og at dei hadde valt å gjera dette i staden for å balansera mellom nynorsk og bokmål. Me oppmoda dei likevel om å teksta fleire program på nynorsk. Dei kunne lova å teksta nokre fleire seriar og langfilmar på nynorsk. Når det galdt teksting av norskspråklege program, ønskte dei i utgangspunktet ikkje å gjera dette av omsyn til primærmålgruppa, døvfødde, som tykkjer nynorsk tekst er vanskeleg.

6. Organisasjonsarbeid

I tillegg til dei politiske sakene som er nemnde under pkt. 5, arbeidde styret med studentstipend og seminaret (sjå pkt. 4.5).

6.1. Studentstipend

I 2006 vart det lyst ut eit stipend på 25 000 kr for studentar som ønskte å skriva masteroppgåve om eit emne knytt til nynorskbruk i media. Det kom ikkje inn nokon søkjarar til fristen 15. desember, men styret valde å setja av fyrste delen av stipendet i rekneskapen og lysa ut stipendet på nytt, denne gong med søknadsfrist 30. april 2007.

7. Kringkastingsprisen

Kringkastingsprisen 2006 gjekk til Harald Bøe, som i mange år har dekt oljenyhende på nynorsk i NRK. I grunngjevinga frå juryen heitte det:

«Som oljejournalist arbeider han med eit område der nynorsk og norsk i det heile er lite nytta. Likevel klarer denne journalisten å formidle kompliserte nyhende på eit lett og godt nynorsk samstundes som han formidlar stoffet på ein lettfatteleg måte. (…) I ei tid der fleire og fleire område vert internasjonalisert og engelsken snart vert like vanleg som norsk på enklte område gjer Harald Bøe eit viktig pionerarbeid for norsk fagspråk i oljefeltet.»

Prisen vart delt ut på Den Norske Teatret 24. april, og om lag 30 personar møtte fram.

8. Samarbeid

8.1. Nynorsk forum

Nettverket av nynorskorganisasjonar og -føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein nyttig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel. Styreleiar og dagleg leiar møter der.

8.2. Noregs Mållag

Samlokaliseringa i Schweigaards gate 16 Det er også eit godt samarbeid med redaksjonen i Norsk Tidend, og dagleg leiar i Kringkastingsringen har ei kommentarspalte i Norsk Tidend.

8.3. Folkekulturforbundet

Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis. Me har ikkje meldt inn kurs i 2006.

8.4. Mediemållaget

Mediemållaget har fast spalteplass på side 3 i Kringom, og sidan sommaren 2006 har dei hatt ei ståande innbeding til å møta på styremøta våre.

8.5. Representasjon

Kringkastingsringen var representert på desse arrangementa i 2006:
Landsmøtet til Noregs Mållag i Oslo: Håvard B. Øvregård
Konferansen Målstrid og mangfald i Bergen (11.–12. november): Håvard B. Øvregård

9. Styre og verv

9.1. Styret

Styret har i 2006 hatt denne samansetjinga: Håvard B. Øvregård (leiar), Alv Reidar Dale (nestleiar), Martin Toft, Inger Vederhus, Kjersti Mjør. Varamedlemene har vore Olav Høgetveit, Knut E. Karlsen, Sigbjørn Hjelmbrekke og Astrid S. Dypvik

I 2006 hadde styret 7 møte og behandla 68 saker. Det har vore god aktivitet i styret dette arbeidsåret, og mange styremedlemer har lagt ned mykje arbeid utanom styremøta.

9.2. Nynorsk Pressekontor

Martin Toft og Randi Alsnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Varamedlemmer er Kjell Arve Straumsvåg og Eva Marie Mathisen.

9.3. Riksfondet for nynorsk presse

Olga Meyer og Øystein Tormodsgard er Kringkastingsringens representantar i Riksfondet for nynorsk presse.