Årsmelding 2007

1. Årsmøtet 2007

Årsmøtet blei halde 13. mars i lokala til Kringkastingsringen i Schweigaards gate 16 i Oslo. Referatet frå årsmøtet finn du som vedlegg etter årsmeldinga.

2. Medlemstal og gåver

2.1 Medlemstal
I 2007 vart det registrert 1161 betalande medlemmer. Av desse er 81 livstidsmedlemmer. Det er 47 fleire betalande medlemmer enn i 2006. I stort mon skriv denne auken seg frå vervekampanjen som vart sett i gang seinhausten 2006, der alle som melde seg inn vart førte som medlemer frå og med 2007.
44 medlemer vart strokne frå medlemsregisteret i 2007.

2.2 Gåver
Gjevargleda blant medlemmene er framleis stor, men det kom inn noko færre gåver i 2007 enn året før, 174 859 kr. Dette talet viser at det er ei sterk tru blant medlemmene på at det nyttar å arbeide inn mot medieverksemdene og styresmaktene for å få gjennom viktige saker. Nedgangen frå 2006 kjem hovudsakleg av at det berre vart sendt ut to gåvegiroar i 2007.

Gåver frå medlemene er svært viktige for drifta av Kringkastingsringen, som ikkje har statsstønad eller andre sponsorar. Dei mange gåvene i 2006 gjorde det mogleg å ha meir utetterretta verksemd, til dømes det opne seminaret «Språkreisa – nynorskingar i riksmedia» som me skipa til i januar 2007.

3. Økonomi og administrasjon

3.1 Økonomi
Årsrekneskapen for 2007 viser eit overskot på 44 483 kroner, noko som er om lag ti prosent av omsetnaden. Hovudsakleg kjem det store overskotet av at det berre kom ut tre nummer av Kringom i 2007. Styret vil overføra årsresultatet til eigenkapitalen. Det vart ikkje nytta midlar frå gåvefondet (27 118 kr) i 2007.

3.2 Administrasjon
Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Schweigaards gate 16.
Tarjei Vågstøl fungerte som dagleg leiar i 70 prosent stilling fram til 1. april, og fast tilsett etter det. Han hadde foreldepermisjon frå 1. august til 31. desember, og Eva Marie Mathisen vart tilsett som vikar.

4. Kontakt med medlemene, informasjons- og pressearbeid

4.1 Kringom
Medlemsbladet Kringom er den viktigaste informasjonskanalen til medlemmene. I 2007 kom det ut tre nummer av Kringom, eitt nummer mindre enn arbeidsplanen hadde slått fast. Dagleg leiar er redaktør for bladet og skriv dei fleste tekstane. Saman med Kringom vert det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom vert sendt ut til medlemmene, vert bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

4.2 Nettsidene
På nettsidene finn ein basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram osb. Sidene fungerer som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. Kringom vert også publisert på nettstaden. Målsetjinga er å oppdatere nettsidene minst ein gong i veka.

4.3 Norsk Tidend
Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vignetten Media, der me fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.

4.4 Pressearbeid
Det vart i løpet av 2007 sendt ut 3 pressemeldingar og eitt lesarbrev. Pressemeldingane vert sende ut til 110 redaksjonar. Utdelinga av Kringkastinsprisen fekk mykje merksemd med over 100 avisoppslag (basert på NTB-meldingar), 3 fjernsynsinnslag og 3 radioinnslag.

I etterkant av utdelinga hevda komikaren Espen Thoresen Hværsaagod-Takkskalduha at Kringkastingsprisen var diskriminerte austlandsdialektar. Styreleiar møtte Thoresen både på Kulturnytt (NRK2) og Bergestuen direkte (Kanal 24).

Pressemeldingar

  • Seminar om nynorsk i riksmedia (18.01.2007)
  • Høyringsfråsegn om Allmennkringkastingsplakaten (04.09.2007)
  • Kringkastingsprisen 2007 går til Ingerid Stenevold (23.10.2007)

Lesarbrev

  • Meir nynorsk i NRK (Klassekampen, 23.11.2007)

4.5 Seminar
20. januar 2007 skipa Kringkastingsringen til seminaret «Språkreisa – nynorskingar i riksmedia», som tok opp vilkåra for nynorsk i riksmedia. Det var om lag 70 deltakarar innom seminaret. Programmet byrja med at Magni Øvrebotten frå Nynorsk mediesenter fortalde om stoda for nynorsk i riksmedia. Etter det var det to panelordskifte: I den fyrste fortalde nynorskbrukande journalistar (Johan Brox (Dag og Tid), Ingvill Tandstad (NRK Østlandssendingen), Yngve Kvistad (VG), Ragnhild Avdem Fretland (Dagbladet), Signy Fardal (Elle)) om møtet med riksmedia i samtale med Ingvild Bryn. I den andre møttest Kjell-Erik Kallset (Dagsavisen), Audhild G. Rotevatn (Kanal 24), Signy Fardal (Elle) og Hege Myklebust (Noregs Mållag) til debatt om vilkåra for nynorsk i riksmedia.

På seminaret delte Mediemållaget ut Nynorsk redaktørpris til Ingvill Tandstad, og som ein uventa bonus lova Signy Fardal å opna opp for nynorsk stoff i motebladet Elle. Styret var svært nøgd med seminaret, og vil takka Mediemållaget og Ingvild Bryn for eit svært godt samarbeid.

5. Politisk arbeid

5.1 Møte med Kringkastingssjefen

19. mars 2007 tok Hans-Tore Bjerkaas over som ny kringkastingssjef etter John G. Bernander. Styreleiar møtte Bjerkaas på Dei nynorske festspela i Volda i juni, og la fram synspunkta våre på om dei nye språkreglane til NRK, barne- og ungdomsprogram, og den låge nynorskprosenten. Kringkastingsringen har registrert ei haldningsendring hjå NRK, der dei lyttar til krava våre og er viljug til å setja i verk tiltak for å betra nynorskprosenten.

5.2 Møte med Kulturdepartementet

11. oktober møtte styreleiar og dagleg leiar statsekretær Randi Øverland i Kulturdepartementet. Utgangspunktet for møtet var eit brev frå oss med om ”Trygging av nynorsken i NRK”. Vi fokuserte særleg på barne- og ungdomsprogram i NRK på møtet.

5.3 Allmennkringkastingsplakaten

I juni 2007 sende Kulturdepartementet ut framlegg til allmennkringkastingplakat for NRK ut på høyring. Plakaten skal erstatta dei gamle NRK-vedtekene, og det er her kravet til NRK om å nytta minst 25 prosent nynorsk vert slått fast. Kringkastingsringen leverte ei høyrings-fråsegn der me sa oss nøgde med at plakaten oppheva skiljet mellom «kjerneverksemda» og «annan redaksjonell verksemd». I praksis vil dette seia at alt NRK produserer, anten det er på fjernsyn, i radio eller på nettet, er underlagt kravet om 25 prosent nynorsk.
Dette skiljet vart ført vidare i det endelege framlegget til Allmennkringkastingsplakat som kulturminister Trond Giske la fram i november. Styret er svært nøgde med plakaten, men peiker på at det er viktig at han vert tolka slik at nynorskkravet skal gjelda heile formidlingsverksemda til NRK, men òg for kvar og ein av kanalane.

6. Organisasjonsarbeid

6.1 Studentstipend

Styret valde å gje Inngun Ims studentstipendet på 25 000 kr (opphaveleg lyst ut i 2006) for hovudfagsoppgåva ho skreiv om språknormering i riksavisene. Til gjengjeld skal Ims halda ei innleiing om emnet, skriva ein artikkel til Kringom og hjelpa oss å setja saman ein bibliografi over faglitteratur om nynorsk og media.

7. Kringkastingsprisen

Kringkastingsprisen 2007 gjekk til Ingerid Stenvold, sportsreportar i NRK. I grunngjevinga heitte det mellom anna:

Ingerid Stenvold er ein god representant for eit nordnorsk talespråk som står nær det nynorske skriftspråket. Etter at Stenvold vart tilsett i NRK TV-sporten i 2004, har ho fått mykje positiv merksemd, ikkje minst på grunn av språket. Ho har vakse opp i Finnfjordbotn, men med foreldre frå Målselv, er det Målselv-dialekten som har blitt varemerket hennar.

Prisen vart delt ut på Den Norske Teatret 23. oktober, og fekk god mediedekking (jf. 4.4)

8. Samarbeid

8.1 Noregs Mållag
Samlokaliseringa i Schweigaards gate 16 Det er også eit godt samarbeid med redaksjonen i Norsk Tidend, og dagleg leiar i Kringkastingsringen har ei kommentarspalte i Norsk Tidend.

8.2 Mediemållaget
Mediemållaget har fast spalteplass på side 3 i Kringom, og i 2007 har dei hatt ei ståande innbeding til å møta på styremøta våre.

8.3 Nynorsk forum
Nettverket av nynorskorganisasjonar og -føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein nyttig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel. Styreleiar og dagleg leiar møter der.

8.4 Folkekulturforbundet
Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis. Me har ikkje meldt inn kurs i 2007.

8.5 Representasjon
Dei nynorsk festspela, Aasen-tunet (juni): Håvard B. Øvregård
Konferansen «Vendepunkt i nynorsk presse», Aasen-tuset (7.-8.11.07): Eva Marie Mathisen
30-årsjubileet for Mediemållaget (3.11.07): Håvard B. Øvregård, Eva Marie Mathisen

9. Styre og verv

9.1 Styret

Styret har i 2007 hatt denne samansetjinga: Håvard B. Øvregård (leiar), Kjersti Mjør (nestleiar), Martin Toft, Inger Vederhus og Sigbjørn Hjelmbrekke. Varamedlemene har vore Olav Høgetveit, Astrid Dypvik, Eli Bjelland og Gudrun Kløve Juuhl.

I 2007 hadde styret 8 møte og behandla 67 saker.

9.2 Nynorsk Pressekontor

Martin Toft og Randi Alsnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Varamedlemmer er Kjell Arve Straumsvåg og Eva Marie Mathisen.

9.3. Riksfondet for nynorsk presse

Olga Meyer og Øystein Tormodsgard er Kringkastingsringens representantar i Riksfondet for nynorsk presse.