Årsmelding 2008

1. Årsmøtet 2008

Årsmøtet 2008 vart halde tysdag 11. mars på Litteraturhuset, Wergelandsveien 29 i Oslo. Referat frå årsmøtet finn du som vedlegg etter årsmeldinga

2. Medlemstal og gåver

2.1 Medlemstal
I 2008 vart det registrert 1045 betalande medlemer, av desse 77 livstidsmedlemer. Samtidig vart 43 medlemer stroke frå registeret. Desse endringane var i stor grad av medlemer som anten har gått bort eller nådd ein svært høg alder.

Medlemstalet i 2007 var 1161, og det har altså vore ein nedgang på 116 medlemer (4 av desse livstidsmedlemer). Fallet i medlemstal jamført med 2007 kan i stor grad forklarast ved at det ikkje har vore gjennomført nokon større vervekampanje i 2008.

2.2 Gåver
Til liks med 2007 var det i 2008 òg berre sendt ut to gåvegiroar, og det kom inn 135 800 kroner i friviljuge gåver til Kringkastingsringen. I januar 2009 kom det framleis inn mykje pengar frå julegåveoppropet, så det er grunn til å tru at det gjekk ut for seint i 2008.

I oktober fekk vi endeleg positivt svar frå Skatteetaten om å koma inn under ordninga som gjev skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar. Det tyder at dei som gjev gåver over kr. 500 til Kringkastingsringen har rett til å trekkja desse gåvene frå på sjølvmeldinga. Ordninga gjeld frå og med 2008, men det er grunn til å tru at ho berre i avgrensa grad har gjeve fleire gåver i 2008.

2.3 Samanfatning
Medlemene i Kringkastingsringen er svært pliktoppfyllande, og melder seg i liten grad ut. Mange bidreg òg med frivillige gåver i tillegg til årspengane, og slik legg dei grunnen for at Kringkastingsringen kan driva utetterretta verksemd, som å skipa til seminar, gje ut Kringom og dela ut studentstipend.

Det er likevel grunn til å peika på at medlemstalet gradvis vil gå nedover dersom det i åra framover ikkje vert gjennomført offensive vervekampanjar. Det er ikkje nok at høvet til å melda seg inn er til stades (td. gjennom skjema på nettsidene).

3. Økonomi og administrasjon

3.1. Økonomi
Årsrekneskapen for 2008 viser eit underskot på 21 054 kroner, og styret rår til at dette vert dekt inn av eigenkapitalen.

3.2 Administrasjon
Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Schweigaards gate 16 i Oslo. Tarjei Vågstøl har vore tilsett som dagleg leiar i 70 prosent stilling i 2008.

4. Kontakt med medlemene,informasjons- og pressearbeid

4.1 Kringom
Medlemsbladet Kringom er den viktigaste informasjonskanalen til medlemene. I 2008 kom det ut fire nummer av medlemsbladet (nr 4/2008 vart sendt ut i mars 2009). Forseinkinga av det siste nummeret kom stort sett av at styret ønskte at dette skulle vera eit temanummer om barnefjernsyn. Saman med Kringom vert det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom vert sendt ut til medlemmene, vert bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

4.2 Nettsidene
På nettsidene www.kringkastingsringen.no finn ein basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram osb. Det er òg eit skjema for innmelding lett tilgjengeleg på heimesida.
I tillegg til denne informasjonen, vert òg heimesidene oppdaterte med aktuelle saker etter kvart som dei kjem opp. Framsida er delt inn i to bolkar, ein bolk med nytt frå Kringkastingsringen og ein bolk med nyhendeklypp frå nettaviser og liknande.
Sidene fungerer som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. Kringom vert også publisert på nettstaden. Nyhende frå nettsida er tilgjengeleg som ein nyhendestraum (RSS). Dette året har vi òg byrja å samla inn e-postadresser frå medlemene for å kunna senda ut eit elektronisk nyhendebrev.

4.3 Norsk Tidend
Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vignetten Media, der me fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål. Dagleg leiar har òg bidrege med lengre tekstar i samband med tilskipingar i Kringkastingsringen.

4.4 Pressearbeid
I 2008 sende vi ut tre pressemeldingar

  • «- Eit løft for nynorsk i media» (27.06.08), om språkmeldinga
  • «Kringkastingsprisen 2008 til Trude Teige»
  • «Glade for 0,5 million til førebuing av Vinjefondet» (07.10.08) om statsbudsjettet

Pressemeldinga om Kringkastingsprisen vart òg sendt ut som ANB-NTB-melding, og gav oppslag i om lag 60 aviser.

Styreleiar vart intervjua om Vinjefondet i NRK Kulturnytt, torsdag 26. og 27. juni, og i LNK-Nytt om nynorskprosenten i NRK Super (november).

4.5 Seminar
Kringkastingsringen skipa til seminaret «Framtida for barnefjernsyn» under Dei nynorske mediedagane, 11. oktober. På seminaret innleidde Kalle Fürst, Elise Seip Tønnessen, Vibeke Fürst Haugen (NRK), Marianne Røiseland (TV2), Christian Lo (produksjonsselskapet Filmbin).

Innhaldet på seminaret vart oppsummert som godt, og innleiingane dekte både historia til norsk barnefjernsyn og eit fagleg perspektiv om kva born lærer av å sjå på barnefjernsyn. Dessutan vart aktørane utfordra på konkret på korleis ein kan få meir nynorsk i barnefjernsyn. Deltakartalet var diverre noko mindre enn vi ønskte.
Kringkastingsringen var òg samarbeidspartnar for heile arrangementet Dei nynorske mediedagane, men Mediemållaget tok på seg det aller meste av det praktiske arbeidet.

5. Politisk arbeid

5.1 Møte med NRK
21. januar 2008 hadde Kringkastingsringen, saman med Noregs Mållag og Mediemållaget, møte med kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas. Desse møta er ’institusjonaliserte’ i den tydinga at målrørsla plar møta kringkastingssjefen om lag ein gong i året for å ta opp aktuelle spørsmål knytt til nynorskbruken i NRK.
På møtet i januar valde vi å fokusera særleg på den låge nynorskandelen på nettsidene til nrk.no og på nynorsk og dialekt i program for barn og unge. Styreleiar og dagleg leiar møtte for Kringkastingsringen.

Etter den nye Allmennkringkastingsplakaten (sjå pkt. 5.3, under) er ikkje nettsidene til NRK lenger unnateke kravet om 25 prosent nynorsk. Denne nye stoda gjorde det naturleg å ta opp den låge bruken av nynorsk på desse sidene. Kringkastingssjefen vedgjekk at dei nye reglane skulle tolkast slik, men held òg fram at han var i ein dialog med Medietilsynet om korleis rapporteringa av språket på nettsidene skulle gå føre seg.

Spørsmålet om nynorsk i barne- og ungdomsprogramma var særleg aktuelt på grunn av barnekanalen NRK Super, som starta opp 1. desember 2007. Vi peikte på at det frå svært mange hald har kome kritikk at nynorsk og dialekt er lite brukt dette programsegmentet, og at den nye kanalen vil gjera at underoppfyllinga vert synleg.
Etter framlegg frå oss valde NRK å gjera ei uoffisiell måling av nynorskbruken for å få handfaste tal på allereie i 2008. I september vart Kringkastingsringen orientert om resultata, som synte at det var langt att til kravet om 25 prosent nynorsk.
På bakgrunn av desse tala hadde difor Kringkastingsringen, saman med Noregs Mållag, to nye møte med Vibeke Fürst-Hagen, programredaktør for barne- og ungdomsprogram (3. oktober og 10. desember). Her vart vi orienterte om kva tiltak NRK vil setja i verk for å auka nynorskbruken frametter, og vi ventar at desse tiltaka vil få effekt i 2009 og særleg i 2010.

På møtet 10. desember vart vi òg informert om at det vert gjort tiltak for å få auka mengda av dubbing til nynorsk, og at nynorskbrukaren Yasmin Syed skulle vera ein av to programleiarar i dei populære Julemorgon-sendingane. Vi vart òg samde med Fürst-Haugen om å ha halvårlege statusmøte fram til nynorskbruken i NRK Super er på eit tilstrekkjeleg nivå.

5.2 Språkmeldinga og Vinjefondet
27. juni la kulturministeren fram stortingsmeldinga om norsk språk, «Mål og meining». I denne meldinga vart særleg lagt vekt på stoda for nynorsken innanfor trykte media. I meldinga var det særskilt peikt på at stoda for nynorsken innanfor trykte media er svært svak, og meldinga gjorde framlegg om å etablera eit fond – Vinjefondet – for å styrkja nynorsk publistisikk.

Kringkastingsringen har arbeidd for å få realisert Vinjefondet heilt sidan ideen vart lansert som ein del av «Kulturløftet» i 2004, og det var ein stor siger at regjeringa alt på statsbudsjettet for 2009 gjorde framlegg om å bruka 0,5 millionar kroner på å førebu fondet.

Dagleg leiar deltok på opa høyring om språkmeldinga i Famile- og kulturkomiteen på Stortinget 11. november. I høyringsfråsegna la vi vekt på at Kulturdepartementet må følgja opp nynorskbruken i NRK, særleg i barnefjernsyn, på at dei som ønskjer å produsera norskspråklege barneprogram må sikrast gode rammevilkår og på at Vinjefondet er eit godt tiltak som kan styrkja nynorsken si stilling i papiravisene.

5.3 Allmennkringkastingsplakaten
Styreleiar og dagleg leiar deltok på opa høyring om Allmennkringkastingsplakaten i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, 21. januar. Her var vi godt nøgde med at prinsippet om at det vert kravd at NRK skal ha 25 prosent nynorsk i alt dei produserer (ikkje berre i kjerneverksemda), og at eit mindretal i komiteen peikte spesielt på at det var viktig at nynorsk vart meir synleg i barne- og ungdomsprogramma.

6. Kringkastingsprisen

Måndag 6. oktober kl 11.30 delte Kringkastingsringen ut Kringkastingsprisen til Trude Teige, profilert programleiar for debattprogrammet Tabloid på TV2.
Utdelinga gjekk som vanleg føre seg på Det Norske Teatret, med målfolk og presse til stades. Styreleiar delte ut prisen, og Sigmunn Hebnes helsa prisvinnaren på vegner av TV2.

Pressedekninga av utdelinga var god, med om lag 60-70 medieoppslag (sesam.no).

7. Samarbeid

7.1 Noregs Mållag
Samlokaliseringa med Noregs Mållag i Schweigaardsgate 16 har ført til eit godt samarbeid mellom organisasjonane. Det har og styrkt samarbeidet at styreleiar sidan april har vore nestleiar i Noregs Mållag.

7.2 Mediemållaget
Samarbeidet med Mediemållaget har vore godt gjennom heile perioden, og leiaren i mediemållaget har møtt som observatør på styremøta. Dei har òg ein fast kommentarplass på side 3 i medlemsbladet Kringom.

I 2008 tok Mediemållaget initiativ til Dei nynorske mediedagane, der Mediemållaget, Noregs Mållag og Kringkastingsringen var samarbeidspartnarar og hadde tilskipingar.

7.3 Nynorsk forum
Nettverket av nynorskorganisasjonar og -føretak har møte om lag fire gongar i året og er ein nyttig møteplass for å diskutere og samordne tiltak og utspel. Styreleiar og dagleg leiar møter der.

7.4 Folkekulturforbundet
Gjennom medlemskapen i Folkekulturforbundet kan vi få støtte til kurs og studieringar. Medlemskapen er gratis. Me har ikkje meldt inn kurs i 2008.

7.5 Representasjon
Høyring om allmennkringkastingsplakaten (21. januar): Håvard B. Øvregård, Tarjei Vågstøl

Landsmøtet i Noregs Mållag (april):
Tarjei Vågstøl
Dei nynorsk festspela, Aasen-tunet (juni):
Håvard B. Øvregård
Høyring om språkmeldinga «Mål og meining» (11. november):
Tarjei Vågstøl

8. Styre og verv

8.1 Styret
Styret har i 2008 hatt denne samansetjinga: Håvard B. Øvregård (leiar), Martin Toft (nestleiar), Inger Vederhus, Gunhild Berge Stang og Sigbjørn Hjelmbrekke. Varamedlemene har vore Olav Høgetveit, Astrid Dypvik, Eli Bjelland og Bothild Nordsletten.

8.2 Nynorsk Pressekontor
Martin Toft og Randi Alsnes representerer Kringkastingsringen i styret i Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Varamedlemmer er Kjell Arve Straumsvåg og Håvard B. Øvregård.

8.3. Riksfondet for nynorsk presse
Astrid Dypvik og Ragnhild Bjørge har representert Kringkastingsringen i Riksfondet for nynorsk presse.

8.4 Valnemnd
Valnemnda i år har vore Unn Aarrestad, Jens Kihl og Kjersti Mjør.