Årsmelding 2009

1. Årsmøtet 2009

Årsmøtet 2009 vart halde tysdag 17. mars på Litteraturhuset, Wergelandsveien 29 i Oslo. Referatet frå årsmøtet i 2009 er vedlagt.

2. Medlemstal og gåver

2.1 Medlemstal

I 2009 vart det registrert 1214 betalande medlemer, av desse 74 livstidsmedlemer. Samtidig vart 46 medlemer stroke frå registeret. Desse endringane var i stor grad av medlemer som anten har gått bort eller nådd ein svært høg alder.

Dette er ein liten auke jamført med 2008 (1045 medlemer), men under medlemstalet i 2007 (1161 medlemer). Truleg kan vervekampanjen våren 2009 forklara at medlemstalet ikkje sokk jamført med 2008. 56 personar melde seg inn i 2009.

2.2 Gåver

Til liks med dei to førre åra vart det i 2008 òg berre sendt ut to gåvegiroar, og det kom inn 169 559 kroner i friviljuge gåver til Kringkastingsringen.

Hausten 2008 kom Kringkastingsringen inn under ordninga som gjev skattefrådrag for gåver til frivillige organisasjonar. Dette har vore lagt vekt på i gåveoppropa, og ser ut til å i nokon mon ha motivert gjevarane: 93 personar gav gåver på 500 kroner eller meir i 2009, og kom såleis inn under ordninga.

2.3 Samanfatning

Medlemene i Kringkastingsringen er svært pliktoppfyllande, og melder seg i liten grad ut. Mange bidreg òg med frivillige gåver i tillegg til årspengane, og slik legg dei grunnen for at Kringkastingsringen kan driva utetterretta verksemd, som å skipa til seminar, gje ut Kringom og dela ut studentstipend.

Røynslene frå dei siste åra syner likevel at Kringkastingsringen må marknadsføra seg aktivt for å rekruttera nye medlemer.

3. Økonomi og administrasjon

3.1. Økonomi

Årsrekneskapen for 2009 viser eit underskot på 117 730 kroner, og styret rår til at dette vert dekt inn av eigenkapitalen.

3.2 Administrasjon

Kringkastingsringen leiger kontorlokale av Noregs Mållag i Schweigaards gate 16 i Oslo. Tarjei Vågstøl har vore tilsett som dagleg leiar i 70 prosent stilling frå januar til og med august, og 80 prosent stilling frå 1. september.

1. januar 2010 gjekk dagleg leiar ut i fødselspermisjon, og Eirik Wixøe Svela vart tilsett som vikar i 80 prosent stilling.

4. Kontakt med medlemene,informasjons- og pressearbeid

4.1 Kringom

I 2009-­‐årgangen kom det berre ut to nummer av Kringom (nr. 4/2008 kom ut i mars 2009).

Saman med Kringom vert det sendt ut gåvegiroar og giro for å betale medlemspengane.

I tillegg til at Kringom vert sendt ut til medlemmene, vert bladet også distribuert til miljø og institusjonar som kan ventast å ha interesse for språkpolitikk i media.

4.2 Nettsidene

På nettsidene www.kringkastingsringen.no finn ein basisinformasjon om organisasjonen, opplysningar om Kringkastingsprisen, årsmeldingar, arbeidsprogram osb. Det er òg eit skjema for innmelding lett tilgjengeleg på heimesida.

I tillegg til denne informasjonen, vert òg heimesidene oppdaterte med aktuelle saker etter kvart som dei kjem opp. Framsida er delt inn i to bolkar, ein bolk med nytt frå Kringkastingsringen og ein bolk med nyhendeklypp frå nettaviser og liknande. Sidene fungerer som ein informasjonskanal der aktuelle saker blir lagt ut etter kvart som dei kjem opp. Kringom vert også publisert på nettstaden.

Sida har etter måten få lesarar, og om lag 10-­‐15 vitjarar kvar dag. Unnataka har vore når Kringkastingsringen har profilert seg utetter (kring utdelinga av Kringkastingsprisen vart talet på vitjarar 20-­‐dobla).

4.3 Norsk Tidend

Kringkastingsringen har fast spalteplass i Norsk Tidend under vignetten Media, der me fokuserer på aktuelle mediepolitiske spørsmål.

4.4 Pressearbeid

I 2009 sende vi ut fire pressemeldingar

«Ta nynorsken alvorleg, NRK!» (04.06.2009) (om nynorskprosenten i NRK)

«Vi krev ein plan!» (05.06.2009) (saman med Noregs Mållag; ope brev til Trond Giske om å krevja konkrete tiltak på generalforsamlinga til NRK)

«-­‐ Glad for ny konsesjonssøknad» (09.10.2009) (om ny konsesjonssøknad frå TV2)

«Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed» (26/27.10.2009)

Pressemeldinga om Kringkastingsprisen vart òg sendt ut som ANB-­‐NTB-­‐melding. Martin Toft vart òg intervjua saman med Yasmin Syed på Nyhetsmorgen i NRK 1.

4.5 Seminar

Kringkastingsringen skipa til seminaret «TV2 og dialektane – korleis ser framtida ut?» under Dei nynorske mediedagane, laurdag 3. oktober. På seminaret innleidde Jon Peder Vestad (Høgskolen i Volda), Einar Aadland (Hordaland Mållag) og Martin Toft (Kringkastingsringen).

Seminaret vart noko mindre enn planlagt, av di det synte seg vera vanskeleg å få journalistar og leiing i TV2 til å stilla. Oppmøtet var diverre òg dårleg.

Kringkastingsringen var samarbeidspartnar for heile arrangementet Dei nynorske mediedagane, men Mediemållaget tok på seg det aller meste av det praktiske arbeidet.

5. Politisk arbeid

5.1 Møte med NRK

7. desember 2009 hadde Kringkastingsringen, saman med Noregs Mållag og Mediemållaget, møte med kringkastingssjef Hans-­‐Tore Bjerkaas Overfor kringkastingssjefen gjorde vi det klart at vi krev 25 prosent nynorsk, at NRK må analysera målbruken meir detaljert for å kunna setja i gang tiltak, at det trengst målretta innsats over tid, og at NRK Nynorsk mediesenter er eit utmerkt påfunn, men ikkje er nok i seg sjølv for å rekruttere nynorskjournalistar til NRK.

Vi hadde òg møte med leiinga for barnekanalen NRK Super 15. april og 7. desember. På desse møta har NRK Super lagt fram kva tiltak dei har sett i gang for å auka nynorskbruken i kanalen, og Kringkastingsringen og Noregs Mållag har kome med innspel. Eit konkret, men indirekte resultat, av desse møta er truleg at dubbingverksemda NorDubb Studios har etablert eit eige studio i Volda med føremål å dubba teiknefilmar til nynorsk og dialekt. (Dei er også i gang med ei innspeling av ei av barnebøkene til Maria Parr)

5.2 Språkmeldinga og Vinjefondet

Statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober 2009 vidareførte løyvinga på 500 000 kroner til Vinjefondet. Nynorsk kultursentrum har no ansvaret for drifta av fondet, og Kringkastingsringen har ikkje arbeidd særskilt med Vinjefondet i denne perioden.

6. Kringkastingsprisen

Tysdag 27. oktober delte Kringkastingsringen ut Kringkastingsprisen til Yasmin Syed, profilert kanalvert og programleiar i NRK

Utdelinga gjekk som vanleg føre seg på Det Norske Teatret, med målfolk og presse til stades. Styreleiar delte ut prisen, og

Ragnhild Sælthun Fjørtoft helsa prisvinnaren på vegner av NRK.

Pressedekkinga av prisutdelinga var god.

Styret i Kringkastingsringen var som vanleg jury for prisen, og vedtok prisvinnaren på møte 8. september. Det kom inn sju framlegg til kven som skulle få prisen.

7. Samarbeid

7.1 Noregs Mållag

Samlokaliseringa med Noregs Mållag i Schweigaardsgate 16 har ført til eit godt samarbeid mellom organisasjonane.

7.2 Mediemållaget

Samarbeidet med Mediemållaget har vore godt gjennom heile perioden, og leiaren i mediemållaget har møtt som observatør på styremøta. Dei har òg ein fast kommentarplass på side 3 i medlemsbladet Kringom.