Vervekampanje

Verv og vinn flotte premiar!

Me har alltid plass til fleire medlemmar, og med fleire medlemmar har me òg meir tyngde når me møter leiinga i NRK og når me presser på for å få meir nynorsk i radio og på TV. Vervekampanjen varer frå 3. oktober til 28. oktober.

Verv 1 få eit handlenett frå Kringkastingsringen

Verv 3 få eit krus frå Kringkastingsringen

Verv 5 få ein nødladar

Verv 7 få Aasenundertøy

Verv 10 få ein dab-radio

 

Den du vervar må ha betalt medlemspengar innan 28. oktober for at du skal få vervepremie.

Den du vervar kan:

  1. Sende ein e-post med namn, fødeår, e-postadresse, telefonnummer og adresse, til post@kringkastingsringen.no. Då mottek personen siste Kringom og ein giro i posten
  2. Betale medlemskapen rett til kontoen vår, og merke betalinga med namn, fødeår, e-postadresse, telefonnummer og adresse. Då mottek personen siste Kringom i posten. Medlemskapen kostar 300 kr for dei over 26 år, og 150 kroner for dei under 26 år. Kontonummeret er 8101.34.42517.

Lukke til med vervinga!